Trur det trengs ei lita oppdatering på prosjektet mitt. Me har levert inn utkast på skriftleg del for eit par veker sidan, og eg har byrja å jobba litt visuelt...såvidt iallefall. Men alt er ikkje spikra ennå. Hadde vegleiing med Ashley i dag, og ho etterlyste ein litt meir oversikteleg designstrategi. Den skal eg jobbe med parallelt med det visuelle fram til fellespresentasjonar om 2 veker.
Eg jobbar kring ideen om å innføre ei Nynorsk-veke på ungdomsskulen. Mi oppgåve vil vere å utvikle eit rammeverk, som gjer visse føringar i undervisninga, men eg er ikkje pedagog, så å utvikle noko pedagogisk opplegg er ikkje mi oppgåve. Mi oppgåve vil heller vere å oppmoda lærarar og elevar til å bruke ressursane som allereide finst, ved hjelp av "nynorskveke-pakka". Pakka kan t.d. innehalda arbeidshefte, animasjonsfilm, merking av nynorske bøker, skattekart, skilting, nettside+++ Kan hende kvar enkelt dag i denne veka kan ha sitt eige tema, t.d nynorsk litteratur, nynorsk og næringslivet, nynorsk og dialektar, osb...
Eg ser at det er mange moglegheiter i ei slik veke. Men hovudfokuset mitt fram mot påske skal vere å jobbe visuelt. Eg ynskjer å jobbe intuitivt, utan altfor mykje tanke på det ferdige produktet.
Endelig tid til å blogge igjen!
for 13 år siden
1 kommentar:
Legg ut noe av det visuelle utprøvingene dine da vel!
Legg inn en kommentar