onsdag 29. oktober 2008

Kva er ein god problemstilling?

Godt spørsmål! Eg har ikkje eit klart svar. Men etter ein dag med skrivekurs, med hovudfokus på problemstilling, har eg iallefall endra problemstillinga mi noko. Trur den er meir fengande no. Eg kjem nok til å endra ho igjen. Sikkert mange gonger, til og med... Slik skal det visst vera, seiar dei som har greie på det.
Den opbrinnelege problemstillinga mi var: Korleis kan eg som designar vera med å profilere nynorsken slik at målforma kan verta meir attraktiv blant ungdom?
Noverande problemstilling: Korleis kan eg som visuell kommunikatør profilere nynorsken på ein måte som syner målforma sitt mangfald; at han ber på tradisjonar men også er aktuell?

tirsdag 28. oktober 2008

Det er seint, eg er trøyt...

...men eg ville så gjerne koma igang med denne vevlogginga! Difor sit eg her. På golvet i stova. Hovudet er stappa av mogelege problemstillingar etter ein lang dag med skrivekurs og tankekart. Eg har planar om å lese gjennom ei masteroppgåve frå 2007 på sengekanten.Ikkje heile, då, men delar. Litt inspirasjon, kanskje. I morgon skal eg skrive meir. Eg vil skrive noverande tankar om prosjektet og føre inn tidlegare notater. Det kan vera lurt.
Må få nevnt at eg ikkje akkuratt er ein erfaren vevloggar, men det kan eg bli!
Nei, no må eg hoppa i seng. God natt!

torsdag 23. oktober 2008

Nynorsk er venesælt (= nynorsk er populært)

Korleis kan eg som designar vera med å profilere nynorsken slik at målforma kan verta meir attraktiv blant ungdom?
På kva måte kan eg vera med på å endra haldningar i forhold til nynorsken ved hjelp av design? Kva visuelle grep er virkningsfulle i møte med ungdom? Og finst det eit eins visuellt ungdomsspråk? Dette er nokre av spørsmåla eg ynskjer å prøve å finne svar på i løpet av masterprosjektet mitt og som resultat av svara eg får ynskjer eg å utvikle ein visuell profil for nynorsken. Profilen vil bli den visuelle konklusjonen min der eg vil bruke eit formspråk og medie som kan skape interesse for nynorsken.
Eg vel å profilere nynorsken av fleire grunnar. Eg er sjølv nynorskbrukar og syns det er ei god målform å bruke. Nynorsken er anvendeleg i fleire samanhengar, ikkje berre i poesi og i gammal skjønnlitteratur. Skriftspråket er ein del av min personlege identitet, og eg vil truleg alltid ha nynorsk som førsteval. Men slik er det jo ikkje for alle. Det viser seg er at fleire ungdommar som har hatt nynorsk som hovudmål på grunnskule byrjar å skrive bokmål i videre studie- og arbeidssamanheng.
(Eg kjem tilbake til kva desse undersøkjingane viser.) Sjølv var eg åleine som nytta nynorsk som hovudmål på videregåande, og vart difor mykje brukt av medelevar til å lese gjennom nynorskstilar før innlevering. Det slo meg at språket dei brukte var gamaldags og svært lite fritt, og eg trur mange kjente på ei skrivesperre når dei skulle skrive nynorsk. Nynorsken har fått eit dårleg rykte og blir ofte assosiert med noko traust og kjedeleg. Kan hende det er måten undervisninga er lagt opp som bidrar til dette. Kan hende er det framtoninga i media. Fleire nynorskbrukarar opplever iallefall at dei må forsvare språkvalget sitt. Men eg meiner det skal vera naturleg at ein film er teksta på nynorsk, at bøker er utgivne på nynorsk og at reklamemateriell finst på nynorsk. Å bruke målforma i det daglege trur eg er den mest effektive måten å syna nynorsken på. Oppgåva mi kan vera med å «pushe» i denne retninga. Eg ynskjer å henvende meg primært mot ungdom. Ungdom er ei stor og viktig brukargruppe på mange områder, og det er difor interessant for meg å finne meir ut av kva denne gruppa er oppteken av og på den måten kan eg kommunisere betre med dei visuelt sett. «Ungdom» er ei samansatt gruppe og dette kan gje meg visse utfordringar med hensyn til å finne fram til noko som talar til majoriteten. Inntrykket mitt er at fleire har sterke meiningar i denne alderen og dei står ovenfor mange, nye val. Forhåpentlegvis kan eg få kontakt med fleire frå målgruppa og håper på konstruktiv og kritisk tilbakemelding.
På 1840-talet reiste Ivar Aasen rundt i landet og studerte dialektene. Denne innsamlinga danna grunnlaget for nynorsken. I 1861 vart det fyrste mållaget skipa. Det er difor mykje historie knytta opp til nynorsken, og sidan ca 80 % av den norske befolkningen snakkar dialekt, burde fleire kjenne seg knytta til målforma. Noregs Mållag og Mållungdomen har på sine nettsider skrive fleire argument for viktigheita av å bruke nynorsken og det finst fleire gode nettsider og nynorskorganisasjonar som arbeider for nynorsken i det offentlege. Eg, som nynorskbrukar, var alikevel lite kjent med alle nynorske fora som finst, før eg starta undersøkjinga i tilknytting til dette masterprosjektet. Det syner at arbeidet utad kanskje ikkje er så framtredande som det burde vore. Fleire «hat-grupper» mot nynorsken på facebook syner ungdom sitt syn på målforma og det dei oppfattar som tvungen sidemålsopplæring. Om eg kan klare ved designet mitt å syna at nynorsken er levande og aktuell, kan eg kanskje endra noko av denne negative haldninga.
Når det gjeld innhenting av informasjon og bakgrunnsmaterialet, trur eg det er viktig med tett dialog med ungdom (både nynorsk- og bokmålsbrukarar), nynorskorganisasjonar og språkfolk generelt. Eg ynskjer å sjå på liknande prosjekt som finst, både haldingskskapande kampanjar/organisasjonar sin måte å henvende seg til ungdom på, men like viktig vil det bli å sjå på ulike måtar ein kan visualisere språket på. Eg vil loggføre og lage oversikter over det eg finn ut av, og gjere visse utvelgingar etterkvart.
I 2011 har Norsk Målungdom 50 års jubileum samstundes som det fyrste mållaget vart skipa for 150 år sidan. Eg ser at dette kan gje meg god moglegheit til å knytte profileringa opp mot noko reelt, og det kan hjelpe meg til å gjera visse avgrensingar. Oppgåva skal nødvendigvis ikkje vera knytta dirkete opp mot t.d. Noregs Mållag eller Målungdomen. Dei kan vera samarbeidspartnarar, men eg ynskjer ikkje å lage ny visuell profil for desse organisasjonane. På dette tidspunktet er eg svært open for kva medie oppgåva skal munne ut i. Eg vil gjera ein del undersøkjing på dette og finne ut av kva medie ein bør henvende seg til ungdom gjennom. Kompetansen min er størst på det printa mediet, og eg vil nok bruke dette, gjerne i kombinasjon med skjermbaserte medie. Eg treng difor å tilegna meg nødvendig kompetanse til å gjennomføre dette.