søndag 25. april 2010

Hipp hurra!


Ein glad og nøgd meister :)
No er eg ferdi og ynskjer alle velkommen til Substansutstillinga vår!
Les meir om prosjekta våre...

fredag 9. april 2010

Smakebit!



Var å henta første ladning med ferdige trykksaker i dag. Takk A7-sentrum for fiiiine fargar og super overflate! Helga vil gå med til montering og skjæring av ca 100 aktivitetskort. Jippi!?

onsdag 31. mars 2010

Tamtitammm



Fekk papirutgåva av LNK i posten i dag. Stas :)Her visar eg skjermbilete frå artikkelen om oppgåva mi som ligg ute på LNK sine heimesider. Eg har gjort litt endringar i vevloggen min på grunn av dette(teke bort nokre personlege tankar og enkelte skisser og slikt...) Og sidan eg no i tillegg er i innspurt av oppgåva vil det truleg ikkje bli posta så mykje her framover.
Men kanskje litt...så følg med...;)

tirsdag 30. mars 2010

God påske

torsdag 18. mars 2010

Skriftleg del.....FERDI!

...og her er eit par bilete av resultatet. Heldigvis ingen store blundarar. Trur eg iallefall.



torsdag 25. februar 2010

nettskisser

Litt oppdatering...
held på med skriverier no, så difor har eg visst vore litt slapp med oppdateringa av vevloggen. I morgon skal eg ha ei chattevegleiing med Mosse, så då skal me diskutere videre jobbing med desse nettskissene:




torsdag 11. februar 2010

Flinke elevar!

Eg var så heldig at eg fekk komme tilbake til Bjørndalskogen skole idag! Som takk for hjelpa laga eg ein adjektivhistorie som elevane var med på å komponere. Resultatet vart ein gøyal tekst. Eg likar godt setninga: "Viss ikkje så håpar eg at de vil komme på ein busebefengt utstilling som heile klassa mi skal ha i byrjinga av mai."


I tillegg til denne historia, fekk eg snakka og diskutert med klassa gruppevis. Mykje av målet med besøket var å ta nokre bilete eg kan skisse videre med, og å finne meir ut om deira visuelle preferansar. Fargerikt uttrykk, gjerne lilla og blått, var visst favoritten...

onsdag 3. februar 2010

HIPP HURRA!!!


Gratulerer med dagen til meg sjølv...hehe :)

Har hatt kake og gavedryss i lunsjen. Litt kos må ein jo unne seg.
Men no er det fram med papir og blyant att.
Aktiviteten Ordgøyming skal utviklast!!

torsdag 28. januar 2010

Eg kosar meg....

...med skissing, medan eg høyrar på ein sær og rar musikk ;)
Sjekk ut: Respect av Uriel Seri = blanding av norsk folkemusikk og afrikanske rytmer.

fredag 15. januar 2010

ny vinkel og sånn


Sidan det er fredag berre kastar eg ut nokre ting på vevloggen.
Helst for min eigen del. For å oppretthalde koken, liksom :)
Men her er nokre gode sitat om nynorsken, og litt moderne nynorsk mønster som eg kanskje kan jobbe videre med.

«Eg er altså eit uhjelpeleg nynorskskrivande menneske … Går nokon til åtak på språket mitt, er det einaste som nyttar enten å pelle seg vekk eller å slå. Kva eg måtte velje å gjere, får storleiken på den som går til åtak avgjere. Eg kan ikkje fordra å måtte argumentere for språket mitt, det er nesten som å måtte stå der og kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis argumentere for den? Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje til dels uforståelege grunnar.»
Jon Fosse

«(...)Altfor ofte vert valet av målform i Noreg eit ideologisk, eit etisk val. For meg var det eit estetisk val. Eg måtte ha eit språk som både hadde eit "gatespråk" og eit meir opphøgd språk, slik at eg kunne uttrykkje meg i spennet mellom gatespråket og eit meir opphøgd språk utan at det lét teit(...)»
Poeten Alexander G. Rubio