mandag 1. juni 2009

Tur til Fauskanger 3


Den 26 mai tok eg igjen turen ut til Fauskanger. Her hadde eg avtale med 9a og lærar Maria Pedersen. Dette er kan hende siste møte med denne klassa, sidan eg helst ynskjer å ha kontakt med elevar som har nynorsk som sidemål, og ikkje hovudmål som situasjonen er her.
Eg presenterte prosjektet mitt og kva eg hadde gjort ut frå workshopen me hadde sist gong. Eg snakka også litt om design generelt og kva me gjer på kunsthøgskulen.
Det største målet for dagen var å teste ut ulike visuelle uttrykk på elevane, samt nokon av aktivitetane(som kan vera ein del av nynorskveka) eg har kome fram til. Eg hadde ulike skjema dei skulle krysse av og skrive poengsum på. Det visuelle skulle dei rangere frå 1 til 10 poeng i kategoriane komposisjon, fargar og form. Dei skulle også skrive assosiasjonane dei fekk til dei ulike uttrykka. På skjemaene for aktivitetane skulle dei sette ring rundt anten smilefjes, nøytralt fjes og surt fjes, alt etter om dei lika aktiviteten eller ei. Dei skulle også komme med eigne forslag på aktivitetar. Eg hadde både 20 visuelle uttrykk og 20 aktivitetar dei skulle sei si meining om.





Ovanfor viser eg dei 4 visuelle uttrykka som fekk høgast poengsum. Om den fyrste vart det i tillegg skrive: HipHop, teikneserie, noko lett og spanande, noko interessant og kult, "eg diggar denne", dans, digitalt og for ungdom. Om den neste vart det skrive: oj kult!, humor, barn, spill og stilig.
Eg kunne sikkert ha gjort denne undersøkjinga på ein annan måte, men ser på dette som ein slags test til ein annan gong. Til hausten tenkar eg å gjennomføre ein ny test, men då skal eg ha meir av mine eigne arbeider, pluss ha rådført meg om testemetode med m.a Morten William Knudsen.
Denne testinga viser meg alikevel at elevane i denne klassa (ca 15 stk) ikkje gav noko eins svar. Sjølv om nokon av uttrykka fekk høgare poengsum, vart mest alle forslaga gitt både einarar og tiarar.

Når det gjeld kva som kom ut av aktivitets-testinga, har eg ikkje analysert dette grundig. Men eg ser også her at det blir svar ganske ulikt sjølv om rollespel, quiz, kulturelt besøk, sporleik/skattejakt og oppgåver på mobil scorar høgt. Å leite etter nynorsk i media og i butikkar, samt "nynorskkort" og klasseblog var dei minst populære forslaga.
Elevane kom sjølv med forslag om å lage nynorsk film, data , snakke nynorsk ein heil dag, spill og ordkort der det gjeld å vite tydinga av ordet på kortet.

Elevane var svært flinke og tolmodige denne dagen. Eg fôra dei med blå druer, og me hadde pausar undervegs. Berre det å vera i ein klasse å kjenne på tidsaspektet og konsentrasjonsnivå gjev meg verdifull lærdom i videre utvikling av denne ressurspakka. Eg har fått ei viss kjensle av utfordringane som ligg i det å halde motivasjonen og konsentrasjonen oppe hjå målgruppa mi.