torsdag 30. april 2009

Vegleiing med Ashley

torsdag 30 april:
Ein kort og nyttig vegleiing med Ashley...

Tida var inne for å få bekrefting på det har gjort, og til å få eit spark til å jobbe vidare. Og ved å snakke med Ashley i ein halvtime, har eg fått meir motivasjon til å fortsetje i same bane: Nemleg å leike meg med det visuelle, utan eigentleg å tenke så mykje. Paralelt skal eg lage nokre idekort, som eg kan gje ut til medstudentar og folk i alle aldrar, der dei kan komme med idear til aktivitetar. Eg skal også prøve å få til eit møte med elevar på 8.trinn på Fauskanger skule (+ein annan skule i Bergensområdet som har bokmål som opplæringsmål?) Eg ynskjer å teste ut noko av det visuelle på desse elevane, og det er desse visuelle ideane eg må jobbe intensivt med til den tid. Då håpar eg på å ha ein variasjon og relativt stor mengde av uttrykk som dei kan samanlikne. Dei skal også sei sine meinigar om aktivitetene eg har kome fram til.
Ashley peika på at det er viktig å få dokumentert prosessen. Eg bør difor ha rutinar for å skrive om prosess og refleksjonar.

Litt skisser og leik...




Eg har jobba utifrå dei ulike kategoriane mine og ut frå kjerneomgrepa. Eg veit eg treng tid på å utvikle eit spannande visuellt uttrykk. Her visar eg ein liten start...

onsdag 22. april 2009

Fellesvegleiing tirsdag 21 april

I går hadde eg fellesvegleiing med hovudvegleiar Ashley og medstudentane Caroline, Silje, Gry og Katrin. Det var veldig bra å diskutere prosjekta saman, og eg fekk nyttige tilbakemeldingar. I høve til prosjektet mitt snakka me primært om ideen min med kategorisering av undervisninga i ulike emne. Eg har kome fram til stikkorda LYTT - LÆR - LES - LEIT - LEIK. Stikkorda vil hjelpe meg både i videre utviking av konsept og med det visuelle. Dei famnar om kjerneomgrepa mine, samt at viser til ulike måtar å tileigna seg nynorsk-kunnskap på. Eg ynskjer altså at undervisninga skal kunne kategoriserast, og truleg utviklar eg ein form for klassesett med aktivitetskort som fortel kva elevane skal gjere. Aktivitetene under kvar kategori kan vere ei blanding av mine forslag og den aktuelle klassen sine forsalg.

Inspirasjonsvegg

Oppmuntring



Koselege, små beskjedar frå Caroline. Dei var plassert litt rundt omkring på ting og tang... :)

torsdag 2. april 2009

snart påskeferie

ja! Då var fellespresentasjonane overstått, og tilbakemeldingane på prosjektet mitt var generelt positive. No er det berre å køyre på med visuelle utprøvingar og skisser. Det blir kjekt! Og når det no attpåtil snart er påskeferie, kjenner eg ein utruleg lettelse. Eg legg ut nokre få visuelle ting her...dei er utan mål og meining, eigentleg, men ein start iallefall. Kan nok love meir etter påske.