tirsdag 24. november 2009

DREIS



torsdag 12. november 2009

Ivrige elevar....

...ved Bjørndalskogen skule.


I dag (12 november) har eg vore å testa nokre aktivitetar på 7 trinn ved Bjørndalskogen skule. Det var veldig gøy å sjå at dei fleste aktivitetane er gjennomførbare. Det var interessant at det vart litt nynorskdiskusjon rundt borda hjå dei ulike gruppene, og eg fekk idear om kva aktivitetar som med fordel kan utvidas. Eg fekk testa heile 8 aktiviteter og er svært godt fornøyd :)

Rollespel med både gris, kråke og nøkken.




Eg fekk også litt tilbakemelding på noko av det visuelle eg har gjort. Dette er ei gruppe sine fargepreferansar, samt deira forslag til kva som kunne vore gjort anleis, og kva fargane minner dei om.

Hehe...eg håpar dette var meint til meg :)

onsdag 4. november 2009

klasselunsj





Her viser eg litt frå bingoen me gjennomførte.
Det vart vel klårt for meg at bingoverten bør få utdelt brikker med ord som er korrekte. Sjølv om ein diskusjon kring orda (om dei er korrekte nynorsk eller ei) kan vere positivt og bevisstgjerande, trur eg det kan skape forvirring og unødvendig frustrasjon viss det blir for stort fokus på rettskriving.


23 oktober hadde eg ein liten gjennomgang av oppgåva mi for klassa. Eg gjorde også ein liten test av aktivitet (bingo)
Eg ynskte tilbakemelding på korleis aktivitetane kan organiserast. Har jo sjølv tenkt på aktivitetskort, men skal det vera tilfeldig kva kort ein trekker?
Det vart foreslått at nettet kunne ha ein slags stemme-funksjon, der klassar/ elevar kunne stemme fram ulike oppgåver. Og at klassa får tildelt tilfeldige oppgåver, gjerne. Det vart også påpeikt at det ikkje nødvendigvis er så hensiktsmessig at elevane skal samle ein viss poengsum (som eg hadde tenkt i høve til kategoriane). Det bør ikkje vera ei øvre grense på poengskalaen. Det kan slå negativt ut på motivasjon. Men det kan vera bra med ein slags skala...
Me snakka litt om at det kan vera lurt å gjera fleire av oppgåvene i grupper, og kan hende desse gruppene kan bli inndelt etter tema. Og dei skal seinare presentere det dei finn ut for klassa. Elevane i ei gruppe kan ha ulike ansvarsområder.
Ein aktivitet som vart føreslått var det å stemme opp nynorske ord, og gjerne lage nye nynorske ord. Eller at elevane får ein pott med ord, nokre reelle nynorske ord, og nokon tulleord. Så skal dei finne ut kva dei trur er nynorsk eller ei.