torsdag 28. januar 2010

Eg kosar meg....

...med skissing, medan eg høyrar på ein sær og rar musikk ;)
Sjekk ut: Respect av Uriel Seri = blanding av norsk folkemusikk og afrikanske rytmer.

fredag 15. januar 2010

ny vinkel og sånn


Sidan det er fredag berre kastar eg ut nokre ting på vevloggen.
Helst for min eigen del. For å oppretthalde koken, liksom :)
Men her er nokre gode sitat om nynorsken, og litt moderne nynorsk mønster som eg kanskje kan jobbe videre med.

«Eg er altså eit uhjelpeleg nynorskskrivande menneske … Går nokon til åtak på språket mitt, er det einaste som nyttar enten å pelle seg vekk eller å slå. Kva eg måtte velje å gjere, får storleiken på den som går til åtak avgjere. Eg kan ikkje fordra å måtte argumentere for språket mitt, det er nesten som å måtte stå der og kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis argumentere for den? Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje til dels uforståelege grunnar.»
Jon Fosse

«(...)Altfor ofte vert valet av målform i Noreg eit ideologisk, eit etisk val. For meg var det eit estetisk val. Eg måtte ha eit språk som både hadde eit "gatespråk" og eit meir opphøgd språk, slik at eg kunne uttrykkje meg i spennet mellom gatespråket og eit meir opphøgd språk utan at det lét teit(...)»
Poeten Alexander G. Rubio

På jakt etter uttrykket...

Eg held på med å prøve å finne det visuelle uttrykket. Det er ikkje så lett, og eg veit ikkje heilt korleis eg skal gripe det an. Men nå etter jul har eg jobba litt med klipp og lim i papir - tenkte metaforisk med former som blir satt saman til noko anna. Og eg brukte papir som materiale, då eg kan trekke paralellar til papir og nynorsk (tradisjonelt, kan brukas på mange måtar, i mange samanhengar, medan det er nokre "reglar" og begrensingar...) Kan hende blir denne koblinga litt for søkt, og kan hende det ikkje fungerer.




tirsdag 5. januar 2010

Bjørndalskogen skole



mandag 4. januar 2010

hermekråke :)



Dette var jammen gøy! Eg prøver meg på wireframes og mockingbird
Sjekk ut det eg har gjort her.