tirsdag 18. november 2008

morosamt...


Etter at Ut i vår hage 2 - episoden om ein fiktiv maktkamp i mållaget var sendt, fekk mållaget 40 nye medlemmer i løpet av 2 dagar
Artiklar om saka: NRK , Nationen

Sjå innslaget

mandag 3. november 2008

Ei dobbel bobble :)


Dette er jo eit interessant og veldig relevant prosjekt for meg...
sjekk det ut her!

artiklar:
NRK Hordaland
På Høyden
Studvest

Designbyrået Himmel&Jord

Om problemstillinga...


Utviklinga av nynorsk.

Dei fleste har kjennskap til korleis nynorsken oppstod; at nynorsken er bygd på dei norske dialektane samla inn av Ivar Aasen. Slik sett er det tydeleg at nynorsken er ein sterk tradisjonberar, eit språk som har røter frå heile Noreg. Nynorske ord og formuleringar gjenspeglar korleis det norske leveviset var (?), og i kontrast med bokmålen, som bygjer på det danske språket, er nynorsken noko særnorsk og unikt (?).
Nynorsk er eit vakkert* språk som mange syns passar godt til poesi og kunstneriske tekstar. Xxx(namn) stiller spørsmålsteikn ved om nynorsken har blitt meir og meir eit høgkulturellt språk. Eg syns det er synd viss målforma verkar diskriminerande. Det er sjølvsagt viktig og flott at til dømes teaterstykker, dikt og ..... finst på nynorsk. Det bør fortsatt vera slik. Men for at målforma skal kunne overleve, bør nynorsken også bli brukt i kvardagen. Viss me omgjev oss med meir nynorsk vil det bli både lettare og meir naturleg for oss å nytta målforma. Og eg trur sjølvsagt det er fullt mogeleg å bruka nynorsken i det daglege. Eg gjer det, og fleire med meg. Det er ei aktuell målform.
Nynorsk er aktuell også i den språkpolitiske debatten i Noreg. Både høgare bevilgingar til nynorskrørsla frå regjeringa si side, utdeling av og oppretting av ulike nynorskprisar** og fleire festivalar og arrangement som har med nynorsk språk og litteratur å gjere***, syner dette. Debatten om obligatorisk sidemålsundervisning har vore i media i fleire år, og då er det flest bokmålsbrukarar som er imot dette.

Teikneseriar


Det finst altså nokre teikneseriar på nynorsk...

Les meir nynorsk!



Det er med nynorsken som med kvinnene, kvinner må vera ekstra flinke for å hevda seg, og dei nynorske bøkene må vera ekstra gode. Guri Vesaas
"Skal den nynorske barnelitteraturen overleve, må han vere best!" Einar Økland

Diverse artiklar: nynorsk barnelitteraturfestival , utdanningsnytt1, utdanningsnytt 2
Tips frå nynorsksenteret:
nynorskbok.no

Eg trur at ved å lese meir bøker på nynorsk, blir ein både meir interessert i målforma og betre i å skrive nynorsk sjølv. Men nynorske bøker er jo ikkje berre desse klassiske bøkene av Garborg og Olav Duun, eller

Fleire undersøkjingar viser dette (jmf....)

http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____17555.aspx


Kommentar.no - Carl Johan Breg
http://www.kommentar.no/xp/pub/t/hoved/229982

http://www.foreningenles.no/

http://www.bokdykk.no

http://www.litteraturhuset.no

søndag 2. november 2008

Personleg innleiing

Eg kunne eigentleg ha tent ein ganske grei slant. Men eg gløymde å ta betalt. Det var jo ei veneteneste.
For i 3 klasse på vidaregåande var eg åleine som hadde nynorsk som hovudmål, og då var det jo sjølvsagt naturleg for klassen min å bruke meg til gjennomlesing av sidemålsinnleveringar. Og slik, ved å lese gjennom tunge tekstar, oophengde i skrivereglar og meir eller mindre strippa for skrivarglede og med gammaldagse og avlegse formuleringar, kunne eg ha tent ein ganske grei slant.

Ei fengande innleiing....

Ei innleiing bør vera fengande... Det er her eg skal få lesaren interessert i prosjektet! Kanskje den også bør vera litt personleg og med narrative eigenskapar. Så difor bør eg få fram mine eigne erfaringar med nynorsken her. Eg hugsar jo at eg var åleine på vgs som hadde nynorsk som hovudmål og at eg fekk "mellombels førarprov" :)

Nynorsken finst...


...overalt.
Eg har funne ut at det finst utruleg mange organisasjonar, festivalar, prisar og ressurasar som støttar opp om nynorsken. Eg må rett og slatt samla alt eg finn!
Her er ei liste og linkar til nettet.

Nynorsken finst i:
Politikken: Mål og meining (utdrag frå språkmeldinga juni 2008) Språkbanken , Regjeringa satsar på nynorsk , frå TV2, Statsbudsjettet: Dagsavisen
Musikken: Odd Norstoga, Kjell Inge Torgersen, Side Brok
Reklamen: Grandiosa , viasat
Litteraturen: Samlaget, Skald
Teater: Det Norske teater , Les Miserables
Prisutdelingar: Dialektpris, Nynorsk næringslivspris, Nynorsk barnelitteraturpris, Nynorsk litteraturpris, Målprisen, Målblome
Media: Dag og Tid, Magasinett, Radio Røynda, Norsk barneblad, Nynorsk mediesenter , kino
Festivalar: Falturiltu, Nynorske litteraturdagar
Anna: Norsk kulturråd , ELLE, nynorsk er meir enn språk, nynorsk må bli alminnelig


Fine og merkelege ord

Vørnad, tilrå, skjemd, gåverik, dugleik, førebels, likesæl, omstende, røynd, mellombels, førarprov, andlet, andsloppen, ande, andvaken, armod, arming, attende, hugnad, hugleg, hugheil, framifrå,

Frå engelsk til nynorsk

Catwalk = motemolo
Eyeliner = augeblyant
Sit-up = bukbøy
Surround sound = kringlyd

Om prosjektet

Eg vil arbeide med å profilere nynorsken, og ynskjer å rette meg mot ungdom. Dette har eg valgt fyrst og fremst fordi eg er glad i språk og nynorsk har alltid vore hovudmålet mitt. Fordi nynorsken er bygd på tradisjonar og dei norske dialektane, syns eg det er viktig at nynorsken blir brukt i det daglege.
At eg henvendar meg primært til ungdom er fordi fleire undersøkjingar viser at mange skiftar skriftspråk frå nynorsk til bokmål før ein blir 20. Eg ynskjer å finne ut kva grunnane til dette kan vere. Er det haldningar i samfunnet? Er nynorsk lite tilgjengeleg? Er nynorsk vanskeleg? Kan hende nynorsken treng eit nytt og friskt omdøme, og ved designen min vil eg vera med på å endre dette.