tirsdag 19. mai 2009

Semesterevaluering



19 mai, og semesterevaluering med Ashley Booth og Geir Goosen.
På evelaueringa snakka me aller mest om masterprosjektet, utvikling, status og framtida. Me snakka spesielt om kva som burde vera klart til etter sommaren.
Først og fremst bør eg arbeide ut ei "smørbrødliste" der mange, rare og gøyale aktivitetar (realistiske som urealistiske) er beskreve. Det vil også vere ein fordel om desse aktivitetane på ein eller annan måte er testa på skuleelevar.
Sidan Geir Goosen ikkje var på den visuelle presentasjonen i sist veke, såg me på presentasjonen i saman, og eg fortalte kort kva form prosjektet mitt har teke. Konsept, med kjernebegrep, kategoriar og mål vart gjennomgått, og me såg på dei visuelle utprøvingane mine.
Me diskuterte også i kva grad eg skal inkludera brukaren i dette prosjektet. Både Ashley og Geir meinte at noko brukarinvolvering er på sin plass. Eg er forsåvidt einig i dette, spesielt med tanke på testing og input frå elevar. Eg har jo allereide eit lite samarbeid med Fauskanger skule på Askøy, men skal få i gang eit samarbeid på ein bokmålsskule i bergensområdet også.
Det vart også nevnt at internettmediet bør vere ein del av prosjekte mitt. Om dette blir i form av ei nasjonal nettside der det blir interaksjon på tvers av skular, eller om det blir ei lokal side, veit eg ikkje ennå. Det kunne sjølvsagt vore bra å ha eit større forum der aktivitetar, tips og konkurransar kan føregå på tvers av skular.
Geir Goosen nemne to bøker: Traktorland og Det norske huset. Kan hende eg kan kontakte forfattarar/fotografar/designarar av desse bøkene for tekstar og/eller bildemateriale?

Vegleiing med Mosse


Eg hadde vegleiing med Mosse Sjåstad torsdag 14 mai. Det er alltid inspirerande å snakke med Mosse og høyre hennar synspunkt på oppgåva som ho ser på frå hennar ståstad. Mosse sin kompetanse er innan interaksjon, og slik oppgåva mi utviklar seg vil eg truleg få god hjelp av hennar kompetanse.
Eg presenterte den visuelle presentasjonen eg hadde den 13 mai, og me snakka om kva moglegheiter som finst med oppgåva. Noko av bekymringa mi ligg i korleis eg kan presentere dette visuelt. Ho foreslo både evidencing og paperprototyping. Ho meinte også at eg med fordel kan oppdatere meg meir på servicedesign og pedagogikk.
Me diskuterte kva som kunne vera med i denne ressurspakka eg ynskjer å utvikle. Mosse foreslo eit digitalt skattejaktkart-aktig software som ein kan plotte inn ulike hint, område, mål eller liknande på. Dette kan jo knyttas opp mot ei nasjonal nettside. (dette er eit området eg er ganske grønn på....men her kan eg verkeleg nytta meg av Mosse...) Ho syns aktiviteten med oversetting og dubbing av ein engelsk film til nynorsk var ein spannande ide, samt jakte på nynorsk og dialektar i det offenteleg/ bybilete/ media. Bokbadet er også spanande. Aktiviteten har mange nivå, som å forberede, finne på spørsmål og eventuelt filme. Å arrangere skodespel og diskusjonar med nynorsk som tema, kan også vera nyttig for elevane si haldning til faget. Eg kan eventuelt utarbeide eit hefte der det er foreslått ulike tema og korleis dette kan organiserast.
Me snakka også om ideen med ulike spel og kort. Me hugsa begge bil- og båtkorta me spela med som små. Kan hende eg kan utarbeide noko liknande med nynorske ord? Ulike ord kan få ulik verdi i ulike kategoriar. Orda kan igjen delas inn i familiar som tematikk/gramatikk e.l. Dette kan vera ein god måte å utvikle det nynorske ordforrådet på.

torsdag 14. mai 2009

Fellespresentasjon 13 mai

Ny fellesgjennomgang. Denne gongen med fokus på det visuelle. Sjølvsagt vart det også snakka om det konseptuelle, og eg fekk gode tilbakemeldingar på kategori-inndelinga mi, og innspel på kva aktivitetar som kunne vore aktuelle. Det vart peika på at eg burde teste ut konsept på elevar på austlandet. Dette ynskjer eg å få til tidleg på hausten. Samstundes ynskjer eg å kontakte ein bokmålsskule her i Bergensområdet, sidan det vil vera meir tilgjengeleg for meg. Skulen eg har kontakt med, Fauskanger barne-og ungdomsskule, er ein nynorskskule, og dei vil sjølvsagt ha andre tankar om målforma enn dei som har nynorsk som sidemål.
Det vart også nevnt at det kunne vore fint at elevane skulle produsere noko i løpet av denne veka. Dette har eg tankt på sjølv også, som t.d avis eller magasin. Det kunne også vore interresant å utvikle eit forum der klassar kan komme i kontakt med kvarandre på tvers av skular og landsdelar. Det kan også utviklas til å vera ein konkurranse mellom klassar. Det vart peika på viktigheita av at elevane sjølv kan utvikle språket, ved å t.d skape nye nynorske ord.


mandag 4. mai 2009

kreativ mandag

Visdomstanntrekking og heimedag... Ein dag i sofaen framfor TV´en resulterte i desse rare og fargerike tinga her...