tirsdag 19. mai 2009

Vegleiing med Mosse


Eg hadde vegleiing med Mosse Sjåstad torsdag 14 mai. Det er alltid inspirerande å snakke med Mosse og høyre hennar synspunkt på oppgåva som ho ser på frå hennar ståstad. Mosse sin kompetanse er innan interaksjon, og slik oppgåva mi utviklar seg vil eg truleg få god hjelp av hennar kompetanse.
Eg presenterte den visuelle presentasjonen eg hadde den 13 mai, og me snakka om kva moglegheiter som finst med oppgåva. Noko av bekymringa mi ligg i korleis eg kan presentere dette visuelt. Ho foreslo både evidencing og paperprototyping. Ho meinte også at eg med fordel kan oppdatere meg meir på servicedesign og pedagogikk.
Me diskuterte kva som kunne vera med i denne ressurspakka eg ynskjer å utvikle. Mosse foreslo eit digitalt skattejaktkart-aktig software som ein kan plotte inn ulike hint, område, mål eller liknande på. Dette kan jo knyttas opp mot ei nasjonal nettside. (dette er eit området eg er ganske grønn på....men her kan eg verkeleg nytta meg av Mosse...) Ho syns aktiviteten med oversetting og dubbing av ein engelsk film til nynorsk var ein spannande ide, samt jakte på nynorsk og dialektar i det offenteleg/ bybilete/ media. Bokbadet er også spanande. Aktiviteten har mange nivå, som å forberede, finne på spørsmål og eventuelt filme. Å arrangere skodespel og diskusjonar med nynorsk som tema, kan også vera nyttig for elevane si haldning til faget. Eg kan eventuelt utarbeide eit hefte der det er foreslått ulike tema og korleis dette kan organiserast.
Me snakka også om ideen med ulike spel og kort. Me hugsa begge bil- og båtkorta me spela med som små. Kan hende eg kan utarbeide noko liknande med nynorske ord? Ulike ord kan få ulik verdi i ulike kategoriar. Orda kan igjen delas inn i familiar som tematikk/gramatikk e.l. Dette kan vera ein god måte å utvikle det nynorske ordforrådet på.

Ingen kommentarer: