tirsdag 7. juli 2009

SOMMAR OG FERIE :)


Planen var at juli skulle vera Masterfri...men det har visst endra seg noko. Juni vart masterfri, med sykkeltur og sommarjobb, så no prøver eg å organisere og skrive ned tankar og idear som har oppstått. Litt oppdatering på gang, altså!
(biletet er forresten fra Italia :)

Idear og tankar...

Sjølv om eg har hatt Masterfri, som eg kallar det, vil det ikkje seie at eg ikkje tenkar på oppgåva. Den surrar i hovudet heile tida. På jobb, på tur, heime i stova, når eg vaskar opp eller surfar på nettet.

Her følger litt tankar og idear og "fikse" løysingar på små problem...

1) HAUKELAND
Eg har sommarjobb på Haukeland Universitetssjukehus. Her jobbar eg i buffet på kreftavdeling. Det blir fokusert på mat som medisin, og vår oppgåve er å lage til næringsrik og sunn mat til pasientane. Matlysten er ikkje alltid på topp, og då er det veldig viktig at maten som blir gitt inneheld dei riktige mengder næring.
Innhaldet i maten er altså viktig, men nesten like viktig er korleis maten ser ut. Her kjem mine estetiske evner godt med. Friske og fargerike grønnsaker verkar tiltrekkande og pasientane et meir. Visuell kommunikasjon i praksis!!!

Videre vil eg komme med to eksemplar frå sjukehuset som lettar og effektiviserer jobben.
a) Matkort - sengeliggjande pasientar som får maten inn på romma, har kvart sitt matkort der romnummer står på. Til kvar måltid skriv dei (eller sjukepleiarane) ned på post-it-lappar kva dei ynskjer til mat, som me i buffeten lagar til, og plasserer matbrettet på tralle og inn på avdeling. Denne kommunikasjonsforma fungerer veldig bra, pasientane får ynskjene sine, me slepp å springe rundt på avdelingar(og slepp unødvendig kontakt med nokon gonger svært sjuke menneske) og i tillegg, sidan det berre står romnummer på korta, er bestillingane anonyme om det skulle komt på avveie.
b) Portørar har m.a som oppgåve å fylle på lagerbeholdning av diverse varer. Dette glejd t.d vaskemiddel, skyllemiddel, klutar og serviettar. Ofte er skapene dette står i svært fulle, og det er vanskeleg i ein travel kvardag å sjå kva som manglar. Difor, når ein går tom for t.d vaskemiddel, snur ein merkelappen som er i skapet for dette produktet, slik at lappen blir rød. På den måten kan portøren, i det han opnar skapet, med lettheit sjå at her manglar det noko, og varen blir fyllt på. Enkelt og smart!
(...skisser av det eg skildra i full fart...)




2) TED
...Og med det same me er inne i "sjukehusverda"... Har blitt litt hekta på TED foredrag i det siste. Sjekk ut denne: Finds design in the details

...eller denne(som har meir med det å endra haldning til læringssituasjonen å gjere): Once upon a school

3) BOK OM BØKER
Eg har vore på sykkelturferie i Toscana denne sommaren (fantastisk!) og då var me m.a innom Ufisi- galleriet i Firenze. Ganske kaotisk i inngangspartiet der, forresten, så det burde dei fått ei anna ordning på. Eg og venninna mi gjekk rett forbi billettluka, t.d, og det vart opphopning av kø fleire stadar... Men, uansett, eg kjøpte ei bok her: Books to check out for kids.
Her er det utfyllingssider der ungdommar/ born kan fylle ut fakta, meinigar, bokmelding og tips om bøker dei har lese. Det finst tips om gode bøker og nettsider om litteratur bak i boka, samt klistermerker som kan klistras på ulike skjema inne i boka. Eg syns det var ein ganske god ide, og ville berre vise noko utdra her på vevloggen.

Nynorsk på nytt


Fagbokforlaget har nett komt ut med ei bok: "Nynorsk på nytt" som skal vere ei idebok for lærarar i undervisning av nynorsk som sidemål i ungdomsskule og videregåande. Då eg las skildring av boka, vart eg litt nervøs for at denne boka skulle begrave masterprosjektet mitt. Det var nesten for likt, tenkte eg. Eg fekk ei utgåve av boka sist veke, og har starta å lese og bla i ho. Nokon tankar har eg gjort meg allereide, og kjem nok til å bruke og referere til denne boka i den skriftlege delen. Eg ynskjer også å få til eit slags samarbeid med, eller iallefall kontakte, forfattarane av boka; Norunn Askeland og Cecilie Falck-Ytter.

Boka er fyrst og fremst tenkt til å vera ein ressurs for lærarar, og vendar seg difor ikkje direkte til ungdom og elevar. Ressurspakka eg utarbeider har difor eit anna fokus og kommunikasjonsmål, og som eg har påpeika fleire gonger i den skriftlege delen min, ligg min kompetanse innanfor det visuelle og ikkje det pedagogiske.

Boka er på rundt 200 sider, formatet er lett å bringa med seg og å lese i, men samstundes lurar eg på om dette er noko lærarar eigentleg tek seg tid til å lese? Er det endå ei bok eller kompendiet som har som mål å vera til hjelp, men som heller blir ei byrde? Er boka det rette mediet til emnet? Eg trur at det kan vera meir verkningsfullt å utvikle konkret matreriale i staden for å berre beskrive kva som kan gjerast.

Det ser ut som om forfattatrane har samla og funne mange av dei same nynorske nettressursane som eg undersøkte sist haust. Dette er vel og bra, men samstundes litt tungvindt at dette blir presentert i bokform. Lærarar må alikevel leite opp nettsidene, og bruke tid på å leite seg fram.

I starten av boka påpeiker dei m.a at sidemålsundervisninga startar for seint. Mange startar ikkje før i 10 klasse, og då er fokuset ofte på gramatikken. Norunn Askeland og Cecilie Falck-Ytter meiner ein fint kunne ha introdusert nynorsk alt på barneskulen. Er dette noko eg bør vurdere?

Lesarinnlegg og artiklar.

Det har hopa seg opp med avisutklipp og artikklar gjennom året som har gått. Eg må prøve å få orden og å lese gjennom og sjå kva som er brukanes i videre arbeid.



Avisutklippa handlar om nynorsk, eller om undervisningsformer og pedagogikk. Det kjem sjølvsagt fram ulike meiningar om nynorsken, og noko av desse haldningane refererte eg til i analysen i den førebelse skriftlege delen. I den fyrste fasen av masterperioda var det avgjerande for meg, og utviklinga av oppgåva, å ta med seg alt det som vart skrive om nynorsken. No, når fokuset mitt er å rette meg mot skulen, har også emna på avisutklippa endra seg noko. 2 av artiklane på biletet (over) , "Undervisningens hellige gral" og "Elevene lager kunnskapen", handlar om undervisning og undervisningsmetodar. T.d er det gjort forskning på kva faktorar som spelar positivt inn på elevar si læringsutbytte, og i følgje undersøkjingar gjort av John Hattie, er læraren den viktigaste brikka for kunnskap. Læraren si evne til kommunikasjon og evna til å fremme elevane sin kommunikasjon, samarbeid med elevane og elevane si sjølvevaluering er dei mest essensielle faktorane(medan gruppestørrelsar, fysisk aktivitet, lekser, prøver og testar kjem lengre ned på lista til Hattie, som består av 136 faktorar.)

På Årstad vgs har nokre av elevane vore med på å forme undervisningsmateriell for minioritetsspråklege elevar på VK1, Medier og kommunikasjon. Dette er eit samarbeid mellom skulen og Fagbokforlaget, og skal resultere i nettressurs som skal lanseras til hausten. Elevane som lagar materialet seier at dei sjølv har stort læringsutbytte av ei slik tilnærming til stoffet.

Dette er to eksemplar eg ynskjer å ta med videre i utvikling av konsept.