lørdag 31. januar 2009

På tur til Askøy...

Torsdag 29 januar hadde eg avtalt eit møte med Rektor ved Fauskanger barne- og ungdomsskule, Norvald Hestetræet. Eg hadde sendt ein tilfeldig mail til skulen der eg spurte etter visuelt materiale, og sidan han syns at oppgåva var interessant ba han meg ta nærmare kontakt. Difor vart det til at eg tok turen ut, og hadde ein ca 30 minuttars samtale med Norvald. Då fekk er ein del info om språksituasjonen på denne skulen, og me avtalte at eg kunne få møte ein ungdomsskuleklasse nokre timar ein annan dag. Det ville også vera mogeleg å møte dei fleire gonger i prosessen, slik at eg kan få tilbakemelding direkte frå målgruppa.



Norvald fortalte meg altså litt om språksituasjonen på Fauskanger barne- og ungdomsskule. Dei hadde merka ei markant endring i språkbruken både hjå elevar og lærarar på skulen, samt på Askøy generelt. For ca 4 år sidan vart det halde ei røysting om kva opplæringsmålet på skulen skulle vera. I forkant vart det mobilisert og debattert, og resultatet vart at det fortsatt skulle undervisast på nynorsk. Ei slik røysting kan berre gjerast kvart 5.år, så no vart det spanande å sjå om det ville bli ei ny runde med målformsdebatt.
Mange av lærarane på Fauskanger skule er sjølv bokmålsbrukarar. Og sidan det krevs at alt materiale skal vera på nynorsk opplevde dei at mange av dei mest språkbevisst foreldra kom med tilbakemelding og passa på at vart korrekt skrive. Også mållaget passar på at det vert nytta nynorsk på skulen. Samstundes opplevde Norvald at nynorskbrukande foreldre, som gjerne ikkje var like bevisste på språkbruken, ofte skreiv brev og mailar til han på bokmål. Kan hende det verkar meir formelt med bokmål, og at det difor kjennes meir naturleg i ei slik situasjon?
Det finst visse reglar når det gjeld opplæringsmål i Noreg. Om det er 10 elevar eller fleire i ei klasse som ynskjer ei anna målform enn det som er nytta på skulen, har dei rett på dette. På mindre skular, som t.d Fauskanger skule, der det gjerne kun er 13 elevar i ei klasse, kan denne lova vera problematisk og det er både ressurskrevande og vanskeleg å finne ei god løysing. Eg forstod det slik at det på Fauskanger skule kun var aktuelt med ei slik deling på ungdomstrinnet, og at dei då delte klassa i norsk og matte.
Norvald peika på at språket endrar seg generelt i heile Hordaland. Den tradisjonelle strilen, vart gjerne knytt til nynorsk, og fleire ynskjer kan hende å lausrive seg frå denne kategoriseringa. Strilen vart ofte sett på som ein fattigmann som kom til byen å ba om pengar og jobb, og ordet eller fenomenet stril har fått ein negativ undertone. Når nynorsken då blir knytta opp mot denne betegnelsen, er det naturleg at folk ynskjer å distansere seg frå målforma også.
Eg er svært glad for dette engasjementet til oppgåva mi på denne skulen. Eg føler meg priviligert som kan nytte ei heil klasse i eit par timar, sjølv om det også verkar skummelt. Men med godt forarbeid, oppgåver og spørsmål som kan vera interessante for elevane, håpar eg dei kan komme med deira syn på nynorsk og forslag til å betra undervisninga.

onsdag 28. januar 2009

Vegleiing med Ashley

Vegleiing med Ashley 28 januar 2009

På denne vegleiinga gjekk me gjennom lista mi over kva eg har gjort research på og kva område eg ynskjer å gjera research på. Inndelinga og overskrifter på denne lista var litt uklårt, men etter noko forklaring vart researchen inndelt i 3 hovedgrupper:
1- Den nynorske situasjonen ( språk og identitet, historikk, organisasjonar, haldningar i samfunnet, kultur, litteratur og media, språkpolitikk, personlege erfaringar, statistikk...osb...)
2 - Undervisning og faget Nynorsk ( diverse rapportar om sidemålsopplæring, den kulturelle skulesekken, digitale hjelpemidlar, diverse nettressursar, motivasjon, konkurranse, leik, korleis andre fag blir lært bort, "feltarbeid"...osb)
3 - Visuelt assosiasjonar (ornamentikk og rosemåling, det visuelle som er retta mot ungdom, målrørsal sitt visuelle materiale, Ivar Aasen-metode....)

Denne organiseringa syns eg verkar fornuftig. Eg er glad eg har funne fokus, men merkar eg må vera flink til å jobbe med det visuelle parallellt med det teoretiske. Til neste vegleiing skal eg skrive meir utfyllande enn det eg allereide har på kvart av punkta på lista, samt ha ei skisse på strategi. Eg skal spesielt jobbe med argumentasjonen i dette skriftlege materialet. Det vil verta ein del skriving fram mot neste vegleiing, og først då skal me diskutere om mengda og innhald er fornuftig. Ashley peika på at det kanskje var litt mykje...

Neste vegleiing blir tirsdag 17 februar kl 11:00

Vegleiing med Mosse

27 januar:
Eg har kun hatt ei vegleiing med Mosse Sjåstad tidlegare. Det var i starten av prosjeketet, og då fekk ho meg til å tenke litt anleis enn kva eg plar gjere. På den fyrste vegleiinga var prosjketet mykje meir opent enn no. Og det vart difor snakka meir konkret denne gongen. Mosse syns fokuset mitt, at eg skal retta meg mot skulen og sjå på nynorsk som sidemål, verka som ein god ide. Ho hadde sjølv negative haldningar mot nynorsken då ho var elev. Difor etterlyste ho sterkare argument frå mi side, og hadde veldig lyst å ta ein real nynorskdiskusjon. Det er bra å få denne type tilbakemelding. Dei fleste eg har snakke med til no er jo sjølv nynorskforkjemparar. Og sjølvsagt har også det at eg held til her på vestlandet noko å seie for responsen eg får. Eg trur det er svært godt for videre arbeid med prosjeketet at eg får slike utfordringar.

Mosse stilte seg positiv til metoden eg skal bruke til innhenting av visuell info. Samstundes gjorde ho meg merksam på at det kan hende er lurt å ha ei meir målretta innhenting av denne informasjonen, som t.d berre spør folk frå vestlandet eller bokmålsbrukarar eller berre unge osv...Eg har sendt ut mailar til tilfeldige kommunar og skular mest for å vera på den sikre sida i forhold til å få noko att. Eg ynskjer kvantitet. Kan hende dette i seg sjølv kan vera ein inngang til analyse. Kven er det eigentleg som svarar meg? Og kva er argumenta for dei som ikkje trur dei har noko å bidra med? Til sjuande og sist, uavhengig av kven som sendar inn materialet, vil det bli utsatt for mi eiga tolking. Men eg ser alikevel poenget Mosse har. Geografi, meining og alder er nok ikkje urelevant for kva assosiasjonar folk har til nynorsk.

Videre snakka me om å gjera research på motivasjon for læring. Ho sendte nokre skriv om motivasjon, samt linkar til eit prosjekt der fotografi vart brukt som ein vitenskapeleg metode for sosiaologi. Ho nemte også at det kan vera lurt å finne ut om eg ynskjer å fokusere spesielt på lærarar og deira krav om å vera gode formidlarar(inspirasjonspakke) eller sjå spesielt på læremidlar eller rette meg aller mest mot elevar.

Neste vegleiing med Mosse blir 24 februar kl 13:15

Ivar Aasen-metoden

Då Ivar Aasen samla inn dialektar, og konstruerte nynorsken, reiste han på kryss og tvers i Noreg i 4 år. Han skreiv ned ord, fann likheiter mellom dialektar, og gjorde eit nøysommeleg arbeide. Noko av denne metoden til Ivar Aasen ynskjer eg å overføre til oppgåva mi. Eg ynskjer å hente inn visuell info frå heile Noreg. Visuell info som viser assosiasjonar, tankar og idear kring nynorsken, sett gjennom nordmenn sine auge. Eg har sendt ut kring 70 mailar til eit tilfeldig utval kommunar og skular. Eg har fått nokon svar, og på bakgrunn av desse har eg starta å leika meg litt med collage...
Viser her ein liten start på det visuelle...


torsdag 22. januar 2009

Desse var fine...



nye tankar

Etter ein masterfri juleferie, med god mat og bygdemorro, kom eg attende med ny giv og godt mot. Det er gledeleg å merke at prosjektet har modnast og blitt meir handfast. Sjølv om eg fekk det litt på avstand i julahar eg alikevel tenkt litt ubevisst på kva eg eigentleg ynskje å gjera. Eg har hatt ein prosess i haust, der innsamling av materialet har vore ustrukturert og alt har verka overveldande. Det finst så mykje meiningar om nynorsken, så mange namn, så mange debattar og så mange lesarinnlegg. Eg har vore usikker på kva eg skal luke bort og kva fokuset mitt eigentleg skal vere. Eg har dessutan vore dårleg på å skrive ned tankar og refleksjonar undervegs, men skal prøve å bli flinkare til dette frå no av.

Kort fortalt har fokuset mitt endra seg frå å gjelde kvardagsnynorsken blandt nynorskbrukarar til å gjelde primært dei som har negative tankar om nynorsken, samt at eg tenkar at prosjektet godt kan implimenterast i skulen. Aller helst håpar eg å utvikle eit slags system e.l. som kan gjelda både på skule og i kvardagen. Eg meiner det ikkje bør vere noko motsettnad mellom skule og fritid. Slik trur eg verknaden til prosjektet blir større.

Eg ynskjer å fokusere på leik og konkurranse i læringsprossessen, og at elevane sjølv kan ha noko valfridom i forhal til korleis undervisninga skal vere. Samstundes ynskjer eg også at systemet skal kunne fungere i kvardagen.

No held eg altså på med å lese kunnskapsløftet og læreplanar, rapportar og læringsressursar... Det er godt å kunne luke bort noko, og spanande å kunne tenke på nye idear til undervisning.
Eg treng å kontakte lærarr og få igang fokusgrupper. Turen går til Oslo i veke 9, så då håpar eg på ei fullbooka veke :)