onsdag 28. januar 2009

Vegleiing med Mosse

27 januar:
Eg har kun hatt ei vegleiing med Mosse Sjåstad tidlegare. Det var i starten av prosjeketet, og då fekk ho meg til å tenke litt anleis enn kva eg plar gjere. På den fyrste vegleiinga var prosjketet mykje meir opent enn no. Og det vart difor snakka meir konkret denne gongen. Mosse syns fokuset mitt, at eg skal retta meg mot skulen og sjå på nynorsk som sidemål, verka som ein god ide. Ho hadde sjølv negative haldningar mot nynorsken då ho var elev. Difor etterlyste ho sterkare argument frå mi side, og hadde veldig lyst å ta ein real nynorskdiskusjon. Det er bra å få denne type tilbakemelding. Dei fleste eg har snakke med til no er jo sjølv nynorskforkjemparar. Og sjølvsagt har også det at eg held til her på vestlandet noko å seie for responsen eg får. Eg trur det er svært godt for videre arbeid med prosjeketet at eg får slike utfordringar.

Mosse stilte seg positiv til metoden eg skal bruke til innhenting av visuell info. Samstundes gjorde ho meg merksam på at det kan hende er lurt å ha ei meir målretta innhenting av denne informasjonen, som t.d berre spør folk frå vestlandet eller bokmålsbrukarar eller berre unge osv...Eg har sendt ut mailar til tilfeldige kommunar og skular mest for å vera på den sikre sida i forhold til å få noko att. Eg ynskjer kvantitet. Kan hende dette i seg sjølv kan vera ein inngang til analyse. Kven er det eigentleg som svarar meg? Og kva er argumenta for dei som ikkje trur dei har noko å bidra med? Til sjuande og sist, uavhengig av kven som sendar inn materialet, vil det bli utsatt for mi eiga tolking. Men eg ser alikevel poenget Mosse har. Geografi, meining og alder er nok ikkje urelevant for kva assosiasjonar folk har til nynorsk.

Videre snakka me om å gjera research på motivasjon for læring. Ho sendte nokre skriv om motivasjon, samt linkar til eit prosjekt der fotografi vart brukt som ein vitenskapeleg metode for sosiaologi. Ho nemte også at det kan vera lurt å finne ut om eg ynskjer å fokusere spesielt på lærarar og deira krav om å vera gode formidlarar(inspirasjonspakke) eller sjå spesielt på læremidlar eller rette meg aller mest mot elevar.

Neste vegleiing med Mosse blir 24 februar kl 13:15

Ingen kommentarer: