mandag 31. august 2009

Nye og gamle tankar

Rett før sommaren var eg på Fauskanger barne -og ungdomsskule, og fekk litt kjensle av kva visuelle preferansar dei hadde og kva aktivitetar dei syns verka mest interessante: Det er usikkert om eg får ha videre kontakt med denne elevgruppa, då dei kanskje skiftar lærar, pluss at eg trur eg skal endre målgruppe. Så difor, til alle i klasse 9a: Takk for hjelpa!

Målgruppe:
Fleire, både pedagogar og nynorskforkjemparar, meiner det finst mange gode grunnar for å starte med nynorskundervisninga tidlegare enn kva som er vanleg i skulen i dag. Difor tenkar eg at konseptet mitt kan vera ein slags vegvisar i denne debatten. Då eg ikkje har gjort særleg undersøkjing spesifikt på den fyrst tenkte aldrsgruppa, trur eg ikkje det vil vera noko i vegen å endre målgruppe på dette tidspunktet. Eg trur dessutan mitt visuelle uttrykk kan appelere meir til ei yngre målgruppe, og eg kan ha større sjangsar for å påverka denne aldersgruppa. Eg bør difor opprette kontakt med ein ny skule og elevgruppe. Skal eg då kontakte ein bergensskule eller ein osloskule? Her har eg fått ulike tilbakemeldingar frå medstudentar, og må ta eit kjapt valg.

Nynorsk på nytt:
Som nemnt i tidlegare innlegg( http://gretemaster.blogspot.com/2009/07/nynorsk-pa-nytt.html) har det komt ut ei ny bok denne sommaren som skal inspirere lærarar i nynorskundervisninga. Eg har lese denne i sommar, og er einig i mykje av det som blir skrive. Samstundes er eg usikker på om bokformatet er det rette mediet å presentere alle desse ideaene i. Eg trur det å sette alle desse ideane inn i ein kontekst kan gjere det lettare for lærarar å ta i bruk tipsa og undervisningsformene. Eg ynskjer å ha ein dialog med forfattarane av boka, og vil komme meir innpå innhaldet i den skriftlege delen.

Nettside:
Under semesterevalueringa før sommaren kom det fram at eg seriøst bør tenka på å ta i bruk internett som format for oppgåva mi. Kan hende ei webside er det rette mediet. Dette av fleire grunnar:
Undersøkjinga eg har gjort på emnet viser at det finst utruleg mange undervisningsressursar på nett, og ved å utarbeide ei nettside kan desse lett linkast opp mot sida.
Web er ein effektiv kommunikasjonsflate mellom brukarar. Ein kan lett ha kontakt med t.d andre elevar og skular for utveksing av idear kring nynorsk, og t.d arrangere diverse konkurransar.

Ei slik nettside kan ha fleire lag. Dette bør eg gjere meir undersøkjing på. Eg kjenner at eg ikkje har tilstrekkeleg med kunnskap om dette mediet. Men den umiddelbare tanken er at det kan vere både interne skulesider, medlemssider, lærarsider og introside til nynorskveke-konseptet.

Eg ser for meg at den grunnleggjande strukturen kan vere noko liknande slik t.d. flyselskap har. Eg syns tanken om å utarbeide medlemskort (bonuskort) kan vere god, og at ein må registrere kva ein gjer på sine eigne medlemssider. Noko info kan vera synleg for ikkje-medlemmer, medan det meste skal vere for medlemmer, gjerne klassevis. Elevane kan jo sjølv produsere si eiga side, der dei registrerer og linkar opp deira eigne funn eller oppgåver(t.d bokmeldingar)


Format/ konsept:
Eg ynskjer å produsere noko trykt materiale også. Dette er viktig for å vise at designet ikkje berre kan fungere på skjerm, men overførast til mange ulike produkt. Dessutan er det ikkje tilgang til ubegrensa antal datamaskinar for elevar i skulen. Prosjektet mitt bør difor ikkje åleine vera avhengig av nett-tilgong. Eg har eit sterkt ynskje om å utarbeide ein slags quiz/kviss eller spørsmålskort, der elevane kan lære gjennom leik.
Eksemplar på aktivitetar:



Eg har også vore inne på tanken om å utabeide skilt- eller merkingssystem og illustrasjonar berkena for det fysiske rom. Ein kan ha rom, eller soner i rommet, som speglar dei ulike kategoriane: Lytteposten, Lesekroken, Leikesonen, Leiterommet, Lærehjørnet... Denne ideen krev litt meir utdjuping, trur eg, men kan vera spanande å byggje videre på. Eit stort men med denne ideen er arealet. Det krev gjerne stor plass, men ved hjelp av avgrensingsmateriell kan det kanskje vera mogeleg å kun bruke eit klasserom... tenke tenke...



Eg ynskje at elevane skal få eit personleg forhold til nynorsken på bakgrunn av si eiga dialekt. Eit av kjerneomgrpa mine er jo personleg. Eg tek difor med kampanjen Tine/Litago har; "Tegn din egen ku". Kanskje elevane kan utforme sin eigen nynorsk-logo eller liknande?



Tenkar kanskje at eg vil lage ein vignett også.
Det er så mykje eg vil gjera!