fredag 23. oktober 2009

Nokre linkar og slikt

Eg er hekta på Språkteigen
Eg kosar meg med hr Lomheim og ulike språkforskarar.
Vil anbefale alle å laste ned programmet på Podcast :)


...og språkteigen kan jo bli brukt innan kategorien LYTT i nynorskveka.

Ein av dei beste og mest inspirerande nettsider som er knytta opp mot nynorsk i læringa, er sida som handlar om teikneseriar. Ellers må eg innrømme at mange nettsider som retter seg mot ungdom og nynorsklæring, ikkje appelerar til meg. Men sida http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/ verkar god. Eg ynskjer difor å vise til desse sidene når eg utviklar aktivitetskortet til aktiviteten teikneserie.