fredag 20. mars 2009

Kort oppdatering...

Trur det trengs ei lita oppdatering på prosjektet mitt. Me har levert inn utkast på skriftleg del for eit par veker sidan, og eg har byrja å jobba litt visuelt...såvidt iallefall. Men alt er ikkje spikra ennå. Hadde vegleiing med Ashley i dag, og ho etterlyste ein litt meir oversikteleg designstrategi. Den skal eg jobbe med parallelt med det visuelle fram til fellespresentasjonar om 2 veker.

Eg jobbar kring ideen om å innføre ei Nynorsk-veke på ungdomsskulen. Mi oppgåve vil vere å utvikle eit rammeverk, som gjer visse føringar i undervisninga, men eg er ikkje pedagog, så å utvikle noko pedagogisk opplegg er ikkje mi oppgåve. Mi oppgåve vil heller vere å oppmoda lærarar og elevar til å bruke ressursane som allereide finst, ved hjelp av "nynorskveke-pakka". Pakka kan t.d. innehalda arbeidshefte, animasjonsfilm, merking av nynorske bøker, skattekart, skilting, nettside+++ Kan hende kvar enkelt dag i denne veka kan ha sitt eige tema, t.d nynorsk litteratur, nynorsk og næringslivet, nynorsk og dialektar, osb...

Eg ser at det er mange moglegheiter i ei slik veke. Men hovudfokuset mitt fram mot påske skal vere å jobbe visuelt. Eg ynskjer å jobbe intuitivt, utan altfor mykje tanke på det ferdige produktet.

Fiiint

Ein kan gå amok på nettet...finst så mykje fint! Viser berre noko utvalg av det fine her på bloggen min. Resten skal eg printe å henge opp ved pulten... Ashley etterlyste ein inspirasjonsvegg. Så det skal vere målet for helga. Det skal bli gøy å omgje seg med visuelle frydbarheiter (trur det er eit nytt ord....hehe)










inspirasjon



Ulike arbeidshefter. Leikne og morosame.



www.marcuswalters.com