torsdag 22. januar 2009

nye tankar

Etter ein masterfri juleferie, med god mat og bygdemorro, kom eg attende med ny giv og godt mot. Det er gledeleg å merke at prosjektet har modnast og blitt meir handfast. Sjølv om eg fekk det litt på avstand i julahar eg alikevel tenkt litt ubevisst på kva eg eigentleg ynskje å gjera. Eg har hatt ein prosess i haust, der innsamling av materialet har vore ustrukturert og alt har verka overveldande. Det finst så mykje meiningar om nynorsken, så mange namn, så mange debattar og så mange lesarinnlegg. Eg har vore usikker på kva eg skal luke bort og kva fokuset mitt eigentleg skal vere. Eg har dessutan vore dårleg på å skrive ned tankar og refleksjonar undervegs, men skal prøve å bli flinkare til dette frå no av.

Kort fortalt har fokuset mitt endra seg frå å gjelde kvardagsnynorsken blandt nynorskbrukarar til å gjelde primært dei som har negative tankar om nynorsken, samt at eg tenkar at prosjektet godt kan implimenterast i skulen. Aller helst håpar eg å utvikle eit slags system e.l. som kan gjelda både på skule og i kvardagen. Eg meiner det ikkje bør vere noko motsettnad mellom skule og fritid. Slik trur eg verknaden til prosjektet blir større.

Eg ynskjer å fokusere på leik og konkurranse i læringsprossessen, og at elevane sjølv kan ha noko valfridom i forhal til korleis undervisninga skal vere. Samstundes ynskjer eg også at systemet skal kunne fungere i kvardagen.

No held eg altså på med å lese kunnskapsløftet og læreplanar, rapportar og læringsressursar... Det er godt å kunne luke bort noko, og spanande å kunne tenke på nye idear til undervisning.
Eg treng å kontakte lærarr og få igang fokusgrupper. Turen går til Oslo i veke 9, så då håpar eg på ei fullbooka veke :)

Ingen kommentarer: