tirsdag 7. juli 2009

Nynorsk på nytt


Fagbokforlaget har nett komt ut med ei bok: "Nynorsk på nytt" som skal vere ei idebok for lærarar i undervisning av nynorsk som sidemål i ungdomsskule og videregåande. Då eg las skildring av boka, vart eg litt nervøs for at denne boka skulle begrave masterprosjektet mitt. Det var nesten for likt, tenkte eg. Eg fekk ei utgåve av boka sist veke, og har starta å lese og bla i ho. Nokon tankar har eg gjort meg allereide, og kjem nok til å bruke og referere til denne boka i den skriftlege delen. Eg ynskjer også å få til eit slags samarbeid med, eller iallefall kontakte, forfattarane av boka; Norunn Askeland og Cecilie Falck-Ytter.

Boka er fyrst og fremst tenkt til å vera ein ressurs for lærarar, og vendar seg difor ikkje direkte til ungdom og elevar. Ressurspakka eg utarbeider har difor eit anna fokus og kommunikasjonsmål, og som eg har påpeika fleire gonger i den skriftlege delen min, ligg min kompetanse innanfor det visuelle og ikkje det pedagogiske.

Boka er på rundt 200 sider, formatet er lett å bringa med seg og å lese i, men samstundes lurar eg på om dette er noko lærarar eigentleg tek seg tid til å lese? Er det endå ei bok eller kompendiet som har som mål å vera til hjelp, men som heller blir ei byrde? Er boka det rette mediet til emnet? Eg trur at det kan vera meir verkningsfullt å utvikle konkret matreriale i staden for å berre beskrive kva som kan gjerast.

Det ser ut som om forfattatrane har samla og funne mange av dei same nynorske nettressursane som eg undersøkte sist haust. Dette er vel og bra, men samstundes litt tungvindt at dette blir presentert i bokform. Lærarar må alikevel leite opp nettsidene, og bruke tid på å leite seg fram.

I starten av boka påpeiker dei m.a at sidemålsundervisninga startar for seint. Mange startar ikkje før i 10 klasse, og då er fokuset ofte på gramatikken. Norunn Askeland og Cecilie Falck-Ytter meiner ein fint kunne ha introdusert nynorsk alt på barneskulen. Er dette noko eg bør vurdere?

Ingen kommentarer: