tirsdag 7. juli 2009

Idear og tankar...

Sjølv om eg har hatt Masterfri, som eg kallar det, vil det ikkje seie at eg ikkje tenkar på oppgåva. Den surrar i hovudet heile tida. På jobb, på tur, heime i stova, når eg vaskar opp eller surfar på nettet.

Her følger litt tankar og idear og "fikse" løysingar på små problem...

1) HAUKELAND
Eg har sommarjobb på Haukeland Universitetssjukehus. Her jobbar eg i buffet på kreftavdeling. Det blir fokusert på mat som medisin, og vår oppgåve er å lage til næringsrik og sunn mat til pasientane. Matlysten er ikkje alltid på topp, og då er det veldig viktig at maten som blir gitt inneheld dei riktige mengder næring.
Innhaldet i maten er altså viktig, men nesten like viktig er korleis maten ser ut. Her kjem mine estetiske evner godt med. Friske og fargerike grønnsaker verkar tiltrekkande og pasientane et meir. Visuell kommunikasjon i praksis!!!

Videre vil eg komme med to eksemplar frå sjukehuset som lettar og effektiviserer jobben.
a) Matkort - sengeliggjande pasientar som får maten inn på romma, har kvart sitt matkort der romnummer står på. Til kvar måltid skriv dei (eller sjukepleiarane) ned på post-it-lappar kva dei ynskjer til mat, som me i buffeten lagar til, og plasserer matbrettet på tralle og inn på avdeling. Denne kommunikasjonsforma fungerer veldig bra, pasientane får ynskjene sine, me slepp å springe rundt på avdelingar(og slepp unødvendig kontakt med nokon gonger svært sjuke menneske) og i tillegg, sidan det berre står romnummer på korta, er bestillingane anonyme om det skulle komt på avveie.
b) Portørar har m.a som oppgåve å fylle på lagerbeholdning av diverse varer. Dette glejd t.d vaskemiddel, skyllemiddel, klutar og serviettar. Ofte er skapene dette står i svært fulle, og det er vanskeleg i ein travel kvardag å sjå kva som manglar. Difor, når ein går tom for t.d vaskemiddel, snur ein merkelappen som er i skapet for dette produktet, slik at lappen blir rød. På den måten kan portøren, i det han opnar skapet, med lettheit sjå at her manglar det noko, og varen blir fyllt på. Enkelt og smart!
(...skisser av det eg skildra i full fart...)




2) TED
...Og med det same me er inne i "sjukehusverda"... Har blitt litt hekta på TED foredrag i det siste. Sjekk ut denne: Finds design in the details

...eller denne(som har meir med det å endra haldning til læringssituasjonen å gjere): Once upon a school

3) BOK OM BØKER
Eg har vore på sykkelturferie i Toscana denne sommaren (fantastisk!) og då var me m.a innom Ufisi- galleriet i Firenze. Ganske kaotisk i inngangspartiet der, forresten, så det burde dei fått ei anna ordning på. Eg og venninna mi gjekk rett forbi billettluka, t.d, og det vart opphopning av kø fleire stadar... Men, uansett, eg kjøpte ei bok her: Books to check out for kids.
Her er det utfyllingssider der ungdommar/ born kan fylle ut fakta, meinigar, bokmelding og tips om bøker dei har lese. Det finst tips om gode bøker og nettsider om litteratur bak i boka, samt klistermerker som kan klistras på ulike skjema inne i boka. Eg syns det var ein ganske god ide, og ville berre vise noko utdra her på vevloggen.

Ingen kommentarer: