mandag 3. november 2008

Om problemstillinga...


Utviklinga av nynorsk.

Dei fleste har kjennskap til korleis nynorsken oppstod; at nynorsken er bygd på dei norske dialektane samla inn av Ivar Aasen. Slik sett er det tydeleg at nynorsken er ein sterk tradisjonberar, eit språk som har røter frå heile Noreg. Nynorske ord og formuleringar gjenspeglar korleis det norske leveviset var (?), og i kontrast med bokmålen, som bygjer på det danske språket, er nynorsken noko særnorsk og unikt (?).
Nynorsk er eit vakkert* språk som mange syns passar godt til poesi og kunstneriske tekstar. Xxx(namn) stiller spørsmålsteikn ved om nynorsken har blitt meir og meir eit høgkulturellt språk. Eg syns det er synd viss målforma verkar diskriminerande. Det er sjølvsagt viktig og flott at til dømes teaterstykker, dikt og ..... finst på nynorsk. Det bør fortsatt vera slik. Men for at målforma skal kunne overleve, bør nynorsken også bli brukt i kvardagen. Viss me omgjev oss med meir nynorsk vil det bli både lettare og meir naturleg for oss å nytta målforma. Og eg trur sjølvsagt det er fullt mogeleg å bruka nynorsken i det daglege. Eg gjer det, og fleire med meg. Det er ei aktuell målform.
Nynorsk er aktuell også i den språkpolitiske debatten i Noreg. Både høgare bevilgingar til nynorskrørsla frå regjeringa si side, utdeling av og oppretting av ulike nynorskprisar** og fleire festivalar og arrangement som har med nynorsk språk og litteratur å gjere***, syner dette. Debatten om obligatorisk sidemålsundervisning har vore i media i fleire år, og då er det flest bokmålsbrukarar som er imot dette.

Ingen kommentarer: