søndag 2. november 2008

Om prosjektet

Eg vil arbeide med å profilere nynorsken, og ynskjer å rette meg mot ungdom. Dette har eg valgt fyrst og fremst fordi eg er glad i språk og nynorsk har alltid vore hovudmålet mitt. Fordi nynorsken er bygd på tradisjonar og dei norske dialektane, syns eg det er viktig at nynorsken blir brukt i det daglege.
At eg henvendar meg primært til ungdom er fordi fleire undersøkjingar viser at mange skiftar skriftspråk frå nynorsk til bokmål før ein blir 20. Eg ynskjer å finne ut kva grunnane til dette kan vere. Er det haldningar i samfunnet? Er nynorsk lite tilgjengeleg? Er nynorsk vanskeleg? Kan hende nynorsken treng eit nytt og friskt omdøme, og ved designen min vil eg vera med på å endre dette.

Ingen kommentarer: