fredag 15. januar 2010

ny vinkel og sånn


Sidan det er fredag berre kastar eg ut nokre ting på vevloggen.
Helst for min eigen del. For å oppretthalde koken, liksom :)
Men her er nokre gode sitat om nynorsken, og litt moderne nynorsk mønster som eg kanskje kan jobbe videre med.

«Eg er altså eit uhjelpeleg nynorskskrivande menneske … Går nokon til åtak på språket mitt, er det einaste som nyttar enten å pelle seg vekk eller å slå. Kva eg måtte velje å gjere, får storleiken på den som går til åtak avgjere. Eg kan ikkje fordra å måtte argumentere for språket mitt, det er nesten som å måtte stå der og kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis argumentere for den? Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje til dels uforståelege grunnar.»
Jon Fosse

«(...)Altfor ofte vert valet av målform i Noreg eit ideologisk, eit etisk val. For meg var det eit estetisk val. Eg måtte ha eit språk som både hadde eit "gatespråk" og eit meir opphøgd språk, slik at eg kunne uttrykkje meg i spennet mellom gatespråket og eit meir opphøgd språk utan at det lét teit(...)»
Poeten Alexander G. Rubio

Ingen kommentarer: