onsdag 4. november 2009

klasselunsj





Her viser eg litt frå bingoen me gjennomførte.
Det vart vel klårt for meg at bingoverten bør få utdelt brikker med ord som er korrekte. Sjølv om ein diskusjon kring orda (om dei er korrekte nynorsk eller ei) kan vere positivt og bevisstgjerande, trur eg det kan skape forvirring og unødvendig frustrasjon viss det blir for stort fokus på rettskriving.


23 oktober hadde eg ein liten gjennomgang av oppgåva mi for klassa. Eg gjorde også ein liten test av aktivitet (bingo)
Eg ynskte tilbakemelding på korleis aktivitetane kan organiserast. Har jo sjølv tenkt på aktivitetskort, men skal det vera tilfeldig kva kort ein trekker?
Det vart foreslått at nettet kunne ha ein slags stemme-funksjon, der klassar/ elevar kunne stemme fram ulike oppgåver. Og at klassa får tildelt tilfeldige oppgåver, gjerne. Det vart også påpeikt at det ikkje nødvendigvis er så hensiktsmessig at elevane skal samle ein viss poengsum (som eg hadde tenkt i høve til kategoriane). Det bør ikkje vera ei øvre grense på poengskalaen. Det kan slå negativt ut på motivasjon. Men det kan vera bra med ein slags skala...
Me snakka litt om at det kan vera lurt å gjera fleire av oppgåvene i grupper, og kan hende desse gruppene kan bli inndelt etter tema. Og dei skal seinare presentere det dei finn ut for klassa. Elevane i ei gruppe kan ha ulike ansvarsområder.
Ein aktivitet som vart føreslått var det å stemme opp nynorske ord, og gjerne lage nye nynorske ord. Eller at elevane får ein pott med ord, nokre reelle nynorske ord, og nokon tulleord. Så skal dei finne ut kva dei trur er nynorsk eller ei.

Ingen kommentarer: