torsdag 30. april 2009

Vegleiing med Ashley

torsdag 30 april:
Ein kort og nyttig vegleiing med Ashley...

Tida var inne for å få bekrefting på det har gjort, og til å få eit spark til å jobbe vidare. Og ved å snakke med Ashley i ein halvtime, har eg fått meir motivasjon til å fortsetje i same bane: Nemleg å leike meg med det visuelle, utan eigentleg å tenke så mykje. Paralelt skal eg lage nokre idekort, som eg kan gje ut til medstudentar og folk i alle aldrar, der dei kan komme med idear til aktivitetar. Eg skal også prøve å få til eit møte med elevar på 8.trinn på Fauskanger skule (+ein annan skule i Bergensområdet som har bokmål som opplæringsmål?) Eg ynskjer å teste ut noko av det visuelle på desse elevane, og det er desse visuelle ideane eg må jobbe intensivt med til den tid. Då håpar eg på å ha ein variasjon og relativt stor mengde av uttrykk som dei kan samanlikne. Dei skal også sei sine meinigar om aktivitetene eg har kome fram til.
Ashley peika på at det er viktig å få dokumentert prosessen. Eg bør difor ha rutinar for å skrive om prosess og refleksjonar.

Ingen kommentarer: