torsdag 26. februar 2009

Holmlia skule


Den 26 februar møtte eg Vibeke Kjeldsbu Larsen, undervisningsinspektør ved Holmlia skule.
Grunnen til at eg tok kontakt med Holmlia skule er deira arbeid med nynorskundervisning. Prosjeketet er kalla Sidemålsløftet og er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret og skulen. Larsen Kjeldsbu oppfordra meg til å ta kontakt med koordinatoren for prosjektet, Bente Kolberg Jansen, for å få meir informasjon om funna som har blitt gjort. Vibeke Kjeldsbu Larsen kunne fortelje noko av prosjektet, men det var no i avsluttingsfasen og Kolberg Jansen kunne truleg fortelje meir om erfaringane som var blitt gjort.
Noko av grunnen til at Holmlia skule byrja med dette prosjketet var på grunn av utfordringane dei møtte på i høve til sidemålsundervisninga. Dei fleste elevane ved Holmlia kjem ikkje i kontakt med nynorsken andre stadar enn på skulen, og leiinga fann ut at dei måtte gjera noko bevisst for å klare å oppretthalda undervisninga, ellers ville det bli veldig tungt å skulle undervise i faget. Difor byrja dei samarbeidet med Nynorsksenterte i 2005.
Vibeke Kjeldsbu Larsen kunne fortelje at noko av målet med prosjektet var å avdekke om opplæring i nynorsk fremma språkkunnskapen og var viktig for språklæring generelt. Det viser seg at det er viktig for nokre, dei elevane som allereide er på eit visst nivå.
Holmlia har m.a. brukt nynorsk i RLE-faget. Nokre av desse tekstane er vanskelege i seg sjølv. Ein kan sjølvsagt diskutere graden av viktigheit av å bruke nynorsk i desse tekstane. Tekstane blir kan hende opplevd som ekstra vanskelege, samstundes opnar dette for spanande språklege diskusjonar.
Holmlia skule opplevde ofte at elevane nytta seg av fritaksregelen av strategiske årsaker. Mange søkte om fritak i 10.klasse for å ungå ein kan hende dårleg karakter i standpunkt, og dette kunne videre gje visse fordeler i videre skuleinntak. Denne fritaksregelen er i seg sjølv noko vanskeleg å tolke, seier Vibeke Kjeldsbu Larsen. Paragraf 2.8 elevane (elevar som kjem direkte frå mottak) har rett på fritak frå sidemålsundervisning dette gjeld også minioritetsspråkelege. Men kven er eigentleg nok minioritetsspråkelege til å nytte denne regelen? 65% av elevane på Holmlia skule har foreldre med anna morsmål, medan dei sjølv har gått på norsk skule heile livet. Kva reglar gjeld for desse? Kjeldsbu Larsen fortalte at nytt lovforslag var ute på høring i desse tider. Forhåpentlegvis blir lova noko enklare å tolke.
Holmlia skule opplevde at elevar med minioritetsbakgrunn ofte ikkje hadde dei same fordommane som norske elevar har. Foreldrene til elevane med minioritetsbakgrunn har ikkje sjølv noko forhold til nynorsken og difor har ikkje desse elevane nokre forutinntatte haldningar.
Vibeke Kjeldsbu Larsen meinte dei største utfordringane i høve til nynorsk og ungdom var at dei ikkje møter nok nynorske tekstar både i media og i skulen. Mykje av den moderen nynorske ungdomslitteraturen er lite kjent. Det finst også lite nynorske tidsskrifter og tekstar som er på ungdommars premisser. Kan hende det kunne vera ein ide å koble det læreplanen seier om læring av samansatte tekstar saman med nynorsken? Ho såg at det kunne vore ein ide med å ha ei nynorskveke, samstundes som det kan vere vanskeleg å gjennomføre nynorsk gym. Ho råda meg til å tenke gjennom noko produkt som også lærarane såg på som nyttig. Det burde vera noko som inkluderte måla til kunnskapsløftet, slik at lærarane ikkje oppfatta det som eit tillegg men meir som ein ressurs.
Vibeke Kjedsbu Larsen sa seg villig til å gje meg tilbakemeldingar på oppgåva, og eg stod fritt i å bruke nokre elevar til testeing av ei mogeleg løysing.

Ingen kommentarer: