onsdag 25. februar 2009

Tur til mållaget 24 februar 2009



Ein vinterdag i Oslo, og turen gjekk til Grønland. Her skulle eg møte Mållaget i deira lokaler i Schweigaardsgate 16 klokka 11:00.
Eg fekk snakka med Kjartan Helleve, informasjonskonsulent i mållaget og redaktør i Norsk Tidend. Han gjorde mykje av arbeidet med det grafiske i Mållaget. Han peika på at det mangla ressursar til å kunne gjennomføre ei einheiteleg profil i organisasjonen, og logo og grafiske element dei bruka no var eigentleg designa for jubileumsåret i 2007. Dei fortsatte å bruka denne profilen etter jubileet vart avslutta. Helleve seier at elementa er greie å jobbe med, lett gjenkjennbare og gjer ei viss form for fridom i utformingsarbeidet. Mållaget har ein gamal logo, eit merke, som dei brukar på t.d årsmeldingar. Dei hadde ei gammal grafisk profil som vart utarbeida på bakgrunn av dette merket, men profilen er utdatert, og det vert altså ubevisst brukt jubileumsprofilen videre i ulikt materiell.
Det blir utarbeida mange ulike brosjyrer og flygeblad i Mållaget og Målungdomen. Det er organisasjonen sjølv som utviklar desse. Lokkallaga rundt om i landet tek ikkje i bruk profilen, men får tilsendt nokre av brosjyrane. Dessutan har mållaget laga ei slags aksjonspakke med bannar, ballongar og drops som kan nyttast på diverse standar rundt om i landet.
Mållaget har tradisjonelt sett tenkt meir på argumentasjon og retorikk i deira kampanjar og framtoning. Helleve etterlyser ein meir uredd kommunikasjon, og peikar på at det herskar ei slags redsle for å seie at nynorsk er bra. Historisk sett var 70-talet bra for mållaget sin kommuniskasjon. Organisasjonen stod då for ein motkultur, der venstresida i politikken var framtredande forkjemparar. Det positive ved å snakka dialekt vart aktivt brukt i argumentasjonen. 80 og 90 talet var farga av interne og eksterne strider. På 90 talet greip staten inn og ba om ei skjerping og oppretta eit nynorskforum som skulle bringa nynorskdebatten på bana att.
Mykje av ressurassar og energi går i dag til dei evige kampane mållaget må kjempa. Dei må hevda dei lovpålagde rettane sine.Til dømes har kampanje om å få nynorske lærebøker ferdig distubiert til studiestart haldt på i fleire år. Dette tek sjølvsagt mykje krefter.
Mållaget seier at kvart medlem er ein aktivist. Det finst rundt 10.000 medlemmer, og mållaget trur at ein-til-ein samtale er den viktigaste form for verving og bevisstgjering.
Helleve peikar på at lokallaga i Mållaget gjerne tenker lite politisk, men desto meir kulturellt. Mange av laga arrangerer diverse litteraturkveldar, quizar og kulturfestar.
På spørsmål om kva som blir gjort mot ungdom, og kva som kan gjeras betre i høve til denne målgruppa, anbefalar Helleve meg å snakke med Målungdomen. Han har alikevel nokre tankar om kva problemet kan vere, spesielt i høve til nynorsk som sidemål i skulen. Mållaget ser ein trend til at generasjon på generasjon har fordommar mot nynorsken. Dei meiner at mykje av grunnen er lærarane og korleis dei legg fram faget. Lærarane bør bli opplærte i idehistorie slik at dei kan svare elevane på kvifor nynorsken er viktig. Nynorsk er ein ideologi, seier Helleve, og det trengs å ta i bruk ideologisk argumentasjon.
Mange av lærararane har ein slags angst for nynorsken allereide under lærarutdanninga, og denne angsten for å lære bort nynorsken kjem ofte tydeleg til syne og smittar over på elevane. Desse fordommane vil truleg sitte att ein i minst ein generasjon til, sidan det fortsatt er sterke kjennsler mot nynorsken hjå mange av lærarspirane i dag.
Målungdommen reiser kvar haust og kvar vår til videregåande skular i Noreg; "Språkfær". Dei opplever at mange av ungdomane får ei aha-oppleving etter eit slikt møte med målungdomen. Dei får svar på mange spørsmål, og nynorsken blir avdramatisert.
Helleve nemde eit prosjekt som Nils Vibe stod bak (må undersøkje dette meir) Forsøket gjekk ut på å kartleggja eventuelle haldnigsendringar til nynorsken, viss faget vart valgfritt. Elevane som var med i forsøket slapp altså nynorsk, men vart stimulert på nynorsk på andre måtar, t.d teaterbesøk og forfattar besøk osv... Det viste seg at elevane vart meir positive til nynorsken. Helleve stiller alikevel spørsmålteikn ved dette. Ingen veit om elevane hadde endra halding om dei fortsatte med nynorsk samstundes som dei kunne besøke teater og får forfattarar på besøk. Få elevar får denne moglegheita i det heile. Men, det er alikevel interessant å sjå på om sidemålet eigentleg gagnar nynorsken. Viss tvungen sidemålsundervisning generere så mykje hat som det kan sjå ut som, så er det ikkje sikkert det er lurt å halde på denne ordninga i det lange løp. Samstundes må ein tenke over kva som vil skje med nynorsken om sidemålsundervisninga fell vekk. Det er trass alt ei rik språkleg arv. Helleve seier at det å ha 2 offisielle skriftspråk også vitnar om eit raust samfunn. Helleve nemna også at han kunne sjå at Samnorsk glimra i det fjerne. Men før Noreg kan få eit eins språk måå nynorsk og bokmål vera reelt likestillt, seie. At berdifter som Lerum kan reklamere for sine produkt over heile landet, kan tyde på at motstanden mot nynorsken er avideologisert. At Ikea også kjøret ein kampanje på nynorsk viser at nynorsken er ufarleg.
På spørsmål om kva Helleve trur kan fungere når ein skal profilere nynorsken i møte med ungdom, seier han at det fyrst og fremst er viktig å ta ungdomen på alvor. Ein treng gjerne meir inteligente slagord og argumentasjon enn "nynorsk er kult". Han peikar oå at Ut-i-vår-hage- innslaget gjorde at Mållaget fekk 120 nye medlemmer og at førebilete som Kari Traa, Skigutane og Bula truleg verkar positivt inn. Han trur også at å møte ungdom i "YouTube-land", som han kalla det, er viktig. Kan hende det å brande eit omgrep, som t.d "Noldus" kan vera verkningsfullt og verka positivt inn. Han nemnar også prosjketet med Holmlia skule, der nynorsken vert intrigret i fleire fag.

Representantane eg snakka med frå målungdomen var Janne Nygård (dagleg leiar) og Bror Strand (sivilarbeidar). Sivilarbeidraen jobba ein del med utviklinga av flygeblada, og utforming og tekst blir utvikla av Målungdomen i samband med sentralstyret. Det er utskiftingar både i styret og i sivilarbeidstillinga kvart år. Dette gjer det vanskeleg å skulle oppretthalda ein einheiteleg profil, og stil og metode endrar seg. Dei peikar også på manglande ressursar til dette arbeidet. I fleire av deira flygeblad har dei kjente nynorskbrukarar på framsida. Til dømes Are Kalvø, Odd Norstoga og Tone Damli Aaberget. Dette trur dei verkar positivt inn. Dei kunne fortelje at dei var i ein logoendrings-prosess i desse tider...
Som Kjartan Helleve nemde, reisar Målungdomen på ei Målfærd 2 gonger i året. Dette ser dei på som svært viktig. Dei får møte ungdom der dei er, og er lett tilgjengelege til å svare på spørsmål. Dei opplever att mange elevar har lite kunnskap om nynorsken, Dei har for lite forhald til nynorsken, og Målungdommen trur dette har med at det er "feil" folk som har lagt premissene for nynorsken. Nynorsk blir sett på som tvang og i mange amanhengar som det 3. framandsspråket. Ofte viser det seg at det er måten lærarane underviser faget på som frammar fordommar.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei- Så bra at det har gått bra. Virker som du fikk en god del info på møte. Jeg skal få klasse 4C til å bli glad i nynorsk. Tar gjerne i mot tips.