onsdag 18. februar 2009

Tur til Askøy 2



Litt av nynorskcollagen som vart laga i 9a

17 februar tok eg turen til Fauskanger barne- og ungdomsskule att. Eg fekk vera med i ein 9.klasse i 2 timar. På førehand hadde eg laga til eit lite opplegg. Elevane hadde fått beskjed om å ta med noko dei forbandt med nynorsk samt noko visuelt som dei lika. Eg hadde laga assosiasjonsskjema og ark der dei skulle skrive positive og negative sider ved nynorsken på. Eg ville også at elevane skulle klippe og lime og teikne noko dei forbandt med nynorsken, Eg tok med meg nokre vekeblad som dei kunne finne bileter og mønster i og bruke til dette. Eg ynskte også å få til ein samtale og diskusjon om nynorsken og undervisning, og tok også med meg bøker med bileter av diverse grafisk design, slik at dei kunne vise meg kva visuelle uttrykk deira aldersgruppe likar.
Eg kom til Fauskanger skule klokka 11, og skulle vera med klasse frå kl 12.00 - 13.45. Tida før dette brukte eg på å snakke litt med rektor Norvald Hestetræet og med læraren som skulle vera med meg, Marie Pedersen. Eg spiste også lunsj på personalrommet, og fekk diskutert oppgåva og temaet mitt med nokre av lærarane. Dei seier det er ei utfordring at all undervisning skal føregå på nynorsk, sidan ikkje alle lærarar er nynorskbrukarar. Dessutan er det meir tilflytting til Askøy, og fleire elevar som vel bokmål som hovudmål. Ein av norsklærarane eg snakka med sa at det å sjå linken mellom si eiga dialekt og nynorsken burde fokuserast meir på. På den måten kan ein sjå at nynorsken er del av talemålet og difor viktig å lære seg. Dei opplevde at dersom ein sa til elevane at dei snakka nynorsk, ville dei truleg nekte for det. Men dei fleste, uansett om dei er tilflyttarar eller ei, snakkar meir tilnærma nynorsk enn bokmål.
Møtet med elevane gjekk greit. I ettertid ser eg at det kan hende var ei for stor gruppe for diskusjonar i plenum. Men eg gjekk litt rundt å snakka med dei medan dei skreiv og teikna, slik at eg kunne danne meg eit visst inntrykk av deira haldningar til nynorsken. Det verka eigentleg ikkje som dei var særleg bevisst på nynorsken. Nokon lika han, andre ikkje. Ei uttalte at det var eit fint språk, ei anna sa det var mora hennar som hadde bestemt at ho skulle ha nynorsk. Dei verka ikkje noko særleg negative til nynorsken. For flesteparten av desse elevane er ikkje nynorsk eit eige fag, men kun opplæringsmål, så difor kan det hende det blir noko abstrakt å diskutere dette.


Assosiasjonsskjemaene eg hadde laga var eit godt utgangspunkt for at dei skulle byrja å tenke. Desse skulle eg med fordel ha delt ut først, slik at dei kunne sitte ein og ein å fylle det ut. Det gjekk litt treigt i starten med collagen, men det ser ut som eg har fleire visuelle uttrykk eg kan bruke. Nokre av dei var meir seriøse enn andre, men alt i alt var dette eit nyttig møte for min del. Ein ser at alle har ulike behov og ulik måte å bli motivert på.

1 kommentar:

Anonym sa...

Se her ja, en liten lærerspire:)